Får løyve til transport inn Russdalen

Thor Ekre har fått fornya løyve til transport inn Russdalen til Russvassosen for vedlikehald av hytter, kultivering og utøving av fiske ved Russvatnet.

Russdalen: Det er traktorvegen inn Russdalen som er nytta som transportveg og transporten går føre seg frå midten av juni eller når vegen er farbar til ut i oktober.  Foto: Arve Danielsen/arkiv

Nyheiter

Hovudutval for teknisk, landbruk og naturforvaltning i Vågå kommune har gjeve Thor Ekre løyve til å bruke traktor eller bil etter køyresporet frå Russtangen til Russvassosen for naudsynt varetransport i samband med fiskekultivering av Russvatnet og nødvendig ved- og varetransport i samband med hyttutleige og vedlikehald av hyttene på Russvassosen.