– Etter meir enn 60 år med bruk og kast i landet vårt, meiner eg det er på tide å starte oppryddinga

Alt «skrapet» som ligg rundt omkring i bygda kan bli arbeidsplassar, meiner Torgeir T. Garmo (Lomslista).

Mykje skrot: – Berre ved å køyre på vegen og ta tilfeldige avstikkarar har eg registert 20-25 ulike skrotsamlingar berre her i Lom, fortel Torgeir T. Garmo.   Foto: Vigdis Kroken

Nyheiter

I kommunestyremøtet i Lom tysdag kveld, bad Torgeir T. Garmo om ordet under «Open post». Han heldt eit flammande innlegg og bad ordføraren om å ta initiativ til ein grundig ryddeaksjon i Lom i vår.