Vågåtreffen med ny vri i år - satsar på tevling

Vågåtreffen blir til hausten arrangert for 44. gong. Som opptakt til neste års Landsfestival blir det tevling i gruppespel og for juniorar.

Vågåtreffen med opptakt til Landsfestivalen: Vågå trekkspelklubb ynskjer å bruke Vågåtreffen i slutten av oktober som ei opptakt til Landsfestivalen i gammaldansmusikk neste sommar, og vil arrangere tevling i gruppespel og Super junior.   Foto: Arve Danielsen/arkiv

Nyheiter

– Vågåtreffen skal arrangerast etter tradisjonell lest, men sidan Vågå trekkspelklubb er arrangør av Landsfestivalen i gammaldansmusikk neste år, ynskjer vi å å gjere meir ut av treffen i år, seier Tonje Eilin Ulsletten.