Reagerer på kompensasjonsordninga: – Urettferdig for oss som familiebedrift

Familiebedrifter som eig eigedomen sin sjølv, blir med dei nasjonale kompensasjonsordningane diskriminert i favør til bedrifter med eigedomsselskap. – Urettferdig, meiner Mari Furuset.

Forskjellsbehandling: Mari Furuset på Lemonsjø fjellstue og hyttegrend kallar kompensasjonsordninga for ei urettferdig forskjellsbehandling. Reiselivsbedrifter i distriktet fell utanom den statlege kompensasjonsordninga på grunn av at dei eig eigedomen sjølve.  Foto: Arve Danielsen

Nyheiter

Mange reiselivsbedrifter i Nord-Gudbrandsdalen er organisert på ein måte som gjer at dei fell utanom den statlege kompensasjonsordninga på grunn av at dei eig både eigedom og utstyr sjølve.