NVE varslar motsegn til byggjeplanane på Nilsbue: Manglande vurdering av skredfare

Reguleringsplanen for Nilsbue på Fossbergom er sendt på høyring, og både NVE og Statsforvaltaren varslar motsegn til planen.

Nilsbue: Kan mogleg skredfare stoppe byggjeplanane på Nilsbue?   Foto: Vigdis Kroken

Nyheiter

Som Fjuken har skrive om før, har Nilsbue byggjeplanar. Den største endringa samanlikna med dagens situasjon, er at planforslaget opnar for i alt 11 leilegheiter innanfor planområdet, medrekna 2 leilegheiter som tidlegare er godkjent i andre etasje på eksisterande bygg. Dei andre 9 leilegheitene er planlagt i nybygg på inntil 3 etasjar ut mot Bøvre. I tillegg kjem opp mot 600 kvadratmeter forretning/kontor på gateplan i eksisterande bygg.