Nærmar seg éin million kroner i støtte til «ungdomshus»

Med 170.000 kroner frå Sparebankstiftelsen DNB, er Skjåk friviljugsentral ennå eit steg nærare ei realisering av eit «ungdomshus».

Har fått meir pengar: Dagleg leiar Jo-André Sperstad Fjeld på Skjåk friviljugsentral er nøgd med å ha fått 170.000 kroner frå Sparebankstiftelsen DNB til prosjektet «Grønt Ungdommens hus», som etter planen skal realiserast i andre etasje i signalbygget i Bismo. Så langt har friviljugsentralen 830.000 kroner til prosjektet, men den daglege leiaren fortel at det trengs meir pengar.  Foto: Tom Erik Solstad

Nyheiter

– Det er eit omfattande og kostbart prosjekt, men eg har trua på at vi skal få det til, seier dagleg leiar Jo-André Sperstad Fjeld på Skjåk friviljugsentral.