Rask utrykking - rask sløkking

Lom og Skjåk brannvesen fekk raskt kontroll over ein grasbrann i Bismo måndag ettermiddag.
Nyheiter

Litt før klokka 16 rykka brannvesenet ut etter melding om ein grasbrann i Bismo.

Nokre minutt etter, kunne operasjonssentralen i Innlandet politidistrikt opplyse at brannen var sløkt.

Det var prat om nokre fåe kvadratmeter som hadde brent.

I følgje politiet er det prat om uforsiktig omgang med eld, og at dette kunne gått gale.

Brann: Mannskap frå Lom og Skjåk brannvesen i gang med sløkking av brannen.   Foto: Politiet