Har du sett Tano?

Ein hund har vorte borte frå heimen sin på Lalm.

Tano har vore borte i fleire dagar.  Foto: Privat

Nyheiter

Hunden Tano vart borte frå heimen sin i Lauvrud på Lalm den 27. april.

Eigaren, Sigrid Sveen, fortel at hunden ikkje var heilt i form da han vart borte førre veke. Ho er redd han kan liggje å ha det vondt ein stad.

Det har vore leita i mange dagar, utan resultat og både viltnemnd og politi er varsla.

Ser du Tano nokon stad, ta kontakt med Fjuken, eller send ein pm til Sigrid.