Dette blir det nye namnet på lensmannen

Justis- og beredskapsdepartementet har konkludert: Politistasjonssjef.

Slutt på ein over 900 år lang tradisjon: «Lensmann» blir «politistasjonssjef» og «lensmannsdistrikt» blir «politistasjonsdistrikt».   Foto: Arkiv

Nyheiter

Det vart diskusjonar da Politidirektoratet (POD) i februar offentleggjorde sitt forslag til ny tittel som erstatning for den 900 gamle «lensmann»-tittelen.

Nå har regjeringa kome med sitt endelege vedtak.

Regjeringa har vedteke å erstatte tittelen «lensmann» med ein kjønnsnøytral tittel, slik Stortinget har bestemt.

– Tittelen «lensmann» blir endra til «politistasjonssjef», skriv regjeringa i ei pressemelding.

Justis- og beredskapsminister Monica Mæland meiner dette er ein tittel folk vil forstå.

– Lensmannstittelen har lang historie i det norske samfunnet. Tittelen blir nå politistasjonssjef, og eg er sikker på at det er ein naturleg og forståeleg tittel for publikum, seier Mæland.

Omgrepa «lensmannsdistrikt» og «lensmannskontor» vil bli bytta ut med «politistasjonsdistrikt» og «politistasjon».

– Eg trur dei aller fleste vil oppleva dette som naturlege og minimale endringar, samstundes som namna er meir i tida. Politistasjon er eit godt innarbeidd omgrep og noko dei fleste brukar i dag, seier Mæland.