Sjå kven som er vekas jubilant

Vekas jubilant er ei jente som fylte 11 år i går, den 30. april.
Nyheiter

Kvar veke trekkjer Fjuken ut ein ung jubilant som får ei overrasking i posten frå lokalavisa. Jubilanten blir trekt ut blant helsingane som har stått på trykk i papiravisa torsdag.

Denne vekas jubilant er Margrethe Sperstad Kveen, som fylte 11 år den 30. april.

Gratulerer med dagen, Margrethe! Du får ei helsing i posten frå Fjuken ein av dei fyrste dagane.

Om du sender inn helsing til Fjuken på papir, men ikkje ynskjer å vera med på «Vekas jubilant» - gjer vel å melde frå om det.