Kulturkort til alle ungdomar i fylket frå neste år

Frå neste år kan alle ungdomar i Innlandet ta del i ordninga med Kulturkortet, som gjev rabatt på ulike kulturtilbod i heile fylket.

Kulturkortet: Ansvarleg for Kulturkortet i Innlandet, Ingunn Bekkevoll Tarebø (i midten) meiner Kulturkortet er ei viktig satsing på ungdomar i Innlandet.   Foto: Jenny Magnusson

Nyheiter

Kulturkortet for ungdom har tidlegare vore ei ordning for ungdomar i Hedmark fylke. Kortet rettar seg mot ungdom i alderen 13-21 år og har som mål å gjeva ungdom moglegheit til å oppleva kunst- og kulturaktivitetar til ein rabattert pris.