– Vi har draumar om kva dette kan bli

Jotunheimen Ultimate Challenge skal springast den 3. juli. Nå fantaserer arrangørgruppa om fleire arrangement.

Piggen: Dynfit Jotunheimen Ultimate Challenge går over Galdhøpiggen.   Foto: Arkiv

Nyheiter

– Lom og Jotunheimen er eit område som i utgangspunktet innbyr til aktivitet, liv og røre. Eit sommararrangement vil bli svært bra, men draumen er å få ein vinteraktivitet – ja, kanskje fleire med dette som utgangspunkt. Til dømes ein Winter Edition av Jotunheimen Ultimate Challenge, 42 kilometer maraton på truger i heimfjellet for Lom, langløp på ski over Sognefjellet eller hinderløp i Lom sentrum – Jotunheimens tøffaste kåring. Mykje er mogleg for å få Lom og Nord-Gudbrandsdalen som arrangør for ei vinterekstrem veke, til dømes. Dette kan vera ein start som kan motivere fleire til å vera med på vegen framover, skriv Knut Vole på vegner av arrangøren i ein søknad til Lom kommune.