Statens vegvesen vil gjera tiltak i dette området

Fartsgrensa på 60 km/t blir ikkje endra, men det blir gjort tiltak for å få bilistane merksame på avkøyrslene, busslommene og aktiviteten i området ved Kvila og Skogstad.

Trafikksikringstiltak: Statens vegvesen vil gjera fleire tiltak for å få ned fartsnivået ved Kvila turistheim og Skogstad i Garmo.   Foto: Arve Danielsen

Nyheiter

Dei nye kjøparane av Kvila Turistheim, Anette Bergheim og Geir Gjeilen, har uttrykt sterke ynskje om at fartsgrensa må setjast ned på riksveg 15 som går forbi Kvila. Det er fleire ungar som må krysse riksvegen for å koma til busslommene på båe sider, og da har dei ikkje lang tid på seg når bilane kjem køyrande i 60 km/t.