Skjåk kommune spanderer heiskort og skiutstyr

– Det har vore lite aktivitet for ungar og ungdomar i vinter. Pandemien vart langvarig.

Grotli: I helga er det sesongavslutning i skitrekket på høgfjellet i Skjåk. Laurdag sponsar Skjåk kommune både heiskort og leige av skiutstyr for barn og unge i kommunen.  Foto: Tom Erik Solstad/Arkiv

Nyheiter

Det sa ordførar Edel Kveen da formannskapet torsdag vedtok at Skjåk kommune skal betale leige av utstyr og heiskort for born og ungdom opp til 18 år - anten 1. eller 2. mai.

Formannskapet løyvde inntil 50.000 kroner til ordninga. Det heiter i vedtaket at Grotli skiheiser må leggje fram dokumentasjon på kor mange barn og unge som nyttar seg av tilbodet.

– Det har vore restriksjonar på det meste den siste tida. Så ser vi i media og rundt oss at vi har familiar som slit økonomisk. Somme slit jamnt over og somme slit på grunn av pandemien. Eg tenkjer at denne saka er ei handsrekking til ungane våre. Vi skal vera svært glade for at dei har stått ut denne prosessen, sa ordførar Kveen.

Løyvinga på inntil 50.000 kroner, som blir teke frå disposisjonsfondet, vart samrøystes vedteke.

Skibakkane og heisane ved Grotli Høyfjellshotell held ope både laurdag og sundag. Sundag er sesongens siste opningsdag for Grotli Skiheiser.