Tre pallplassar til Fjellgodt UB - tredje best i landet

Fjellgodt UB frå Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule kom på pallen og tok tredjeplassen i den aller gjævaste kategorien, Noregs Beste Ungdomsbedrift 2021. I tillegg tok ungdomsbedrifta andreplass i Størst verdiskapningspotensial og tredjeplass i Beste forretningsplan.

NM-prisar: Heidalsjentene Anna Stormyrengen og Inga Hansen Horgen har i samarbeid med Vågå Tamreinlag utvikla nytt hundegodteri laga av næringsrik vom frå reinsdyr i Jotunheimen. Dei vart i dag kåra til tredje beste i den aller gjævaste kategorien, Noregs Beste Ungdomsbedrift 2021.  Foto: Kari Margot Odnes

Nyheiter

– Å vinne tre priser i NM er ein fantastisk prestasjon, og gratulantene stod i kø, seier dagleg leiar i Ungt Entreprenørskap Innlandet, Karin Rønning, i ei pressemelding.