Politiets telefonnummer brukt i svindel

Telefonnummeret til Innlandet politidistrikt er brukt i fleire svindelforsøk den siste tida.

Svindelforsøk: Innlandet politidistrikt melder at deira telefonnummer er brukt i fleire svindelforsøk.  Foto: Tom Erik Solstad/Illustrasjon

Nyheiter

Det melder politiet. Formålet til svindlarane har vore å få tilgang til nettbanken tilhøyrande privatpersoner.

Nyleg vart ein mann, i fylgje politiet, oppringt frå telefonnummeret til Innlandet politidistrikt (62539000), og ein person presenterte seg som etterforskar innan økonomisk kriminalitet i Innlandet politidistrikt.

«Etterforskaren» påsto at bankkontoen til den oppringte mannen var hacka og misbrukt, og at han difor måtte ha tilgang til bankkontoen.

Politiet i Innlandet politidistrikt opplyser at dei aldri vil be om denne type informasjon via telefon, og ber utsette ta kontakt med politiet.