Stiller spørsmål om barnefattigdom og fråfall i vidaregåande skule

Svein Holen i Vågå SV meiner at dei aukande økonomiske skilnadene i befolkninga må møtast med tiltak både nasjonalt og lokalt. Han spør om kva for tiltak som blir sett i verk for å førebyggje og redusere barnefattigdom i Vågå?

Spørsmål: Svein Holen stiller fire spørsmål til ordføraren om barnefattigdom i Vågå og fråfall i vidaregåande skule som han vil få svar på i kommunestyremøtet torsdag kveld.    Foto: Arve Danielsen/arkiv

Nyheiter

Til møte i kommunestyret torsdag stiller Svein Holen (SV) eit grunngjeve spørsmål til ordføraren når det gjeld barnefattigdom og fråfall i den vidaregåande skulen.