I helga er det sesongopning i gartneriet: – Vi gler oss!

Laurdag 1. mai opnar Skjåk Gartneri for sesongen. Gartneriet i Marlo er fylt opp med bortimot 50.000 eigenproduserte plantar, i tillegg til mykje anna.

Klare for sesongopning: Skjåk Gartneri er fylt opp med plantar av alle slag. Laurdag er det sesongopning. F.v.: Marit Ytre, Liv Jorunn Bøhle, Astrid Skjåk, Line Kampe og Jon Sigurd Bøhle.  Foto: Tom Erik Solstad

Nyheiter

– Førebuingane til årets sesong tok til i februar. Da vart det fyrste sådd. Sidan har det gått slag i slag, og denne siste veka er det sjølvsagt ekstra hektisk, seier dagleg leiar Jon Sigurd Bøhle i Skjåk Gartneri.