Fjellstyra i Lom og Vågå usamde om grensene for storviltjakt ved Gjende: Vågå trekkjer seg frå samarbeidet

Vågå fjellstyre trekkjer seg ut av samarbeidet om felles jaktområde ved Gjende etter at Lom fjellstyre ikkje vil gå med på ei endring av grensene til jaktfeltet i området.

Gjendebu: Lom fjellstyre og Vågå fjellstyre har i ei årrekkje samarbeidd om elgjakt i Gjendetraktene. I dag er det mest hjort i området og Vågå fjellstyre vil endre grensene til jaktfeltet. Det ynskjer ikkje Lom fjellstyre. Som eit resultat av dette trekkjer Vågå fjellstyre seg ut av samarbeidet.   Foto: Arve Danielsen/arkiv

Nyheiter

Fjellstyra i Lom og Vågå har sidan 1983 samarbeidd om felles areal for storviltjakt ved Gjende i Jotunheimen nasjonalpark.