Pål byggjer sin eigen Lamborghini

Gutedraumen for mange er ein knall grøn Lamborghini sportsbil. Ni år gamle Pål Flatum Gladhaug i Sjårdalen byggjer sin sjølv i Lego Technic.

Lamborghini: Pål Flatum Gladhaug er i full gang med å byggje ein kopi av supersportsbilen Lamborghini Sián FKP 37. Lego Technic-settet har han kjøpt med eigne sparepengar. Byggjesettet er berekna for 18 år pluss, men det hindrar ikkje Pål frå å setje seg ned og byggje favorittbilen bit for bit. Når bilen blir ferdig, skal det få fast på hylla saman med andre Lego-modellar. Han har allereie klart målet for neste byggjeprosjekt; ein MB-trac.  Foto: Arve Danielsen

Nyheiter

Å byggje med Lego er ein lidenskap for Pål Flatum Gladhaug.