Har lyst ut ledige stillingar - får ikkje tak i folk: – Fryktar å måtte stengje salongen

Tre av fire frisørsalongar i Vågå har i vår søkt etter folk, men opplever at responsen er dårleg. To av dei risikerer i verste fall å måtte stengje salongen noko.

Fortvila: Merete Berg på Studio M Vågå fryktar å måtte stengje salongen sin når ho går ut i foreldrepermisjon om ho ikkje snart får tak i arbeidshjelp. Ho er nå redd for at ho må arbeide i permisjonstida si, som ho eigentleg har sett for seg å nyte heime med sin fyrstefødde.  Foto: Kari Margot Odnes

Nyheiter

– Vi treng folk så fort som råd, seier både Studio M, Hårstugu og Karita Frisør, som nå fortvilar over så godt som null respons på utlysing av ledige stillingar.