Felles fiskekort for Jotunheimen

Fjellstyra i Lom og Vågå har godkjent ein auke av prisen på felles fiskekort i Jotunheimen.

Fiske: Målet med felles fiskekort for Jotunheimen er å gje folk eit tilbod som gjeld for heile området. Bildet er frå Øvre Halsatjønn i Lom.   Foto: Arve Danielsen/arkiv

Nyheiter

Luster austre statsallmenning, Vågå fjellstyre og Lom fjellstyre inngjekk i 2010 ei samarbeidsavtale om felles fiskekort for Jotunheimen. Målet var å gje folk på vandring i Jotunheimen eit tilbod om eit felles fiskekort for heile området.