Tre personar med påvist smitte og seks personar er i karantene

Ein ny person med påvist smitte i Vågå. Totalt er det nå tre med påvist smitte, og det er seks personar i karantene.
Nyheiter

Det er skriv Vågå kommune på si heimeside fredag.

Den nye personen med påvist smitte var allereie i karantene og smittevegen er kjent.

Øvrige tester tatt i går var negative. Det er tatt to ny tester i dag.

Koronatelefonen er ikkje open denne helga, og det er heller ikkje lagt opp til testing, med mindre det skulle skje endringar i smittesituasjonen.

Vaksinestatus

Det er no 1145 personar som har fått vaksine, og av desse er det 390 som er fullvaksinert.

Denne veka var det 57 personar som fikk 1. dose, og 45 personar som fekk 2. dose av Comirnaty/Pfizer.

Vaksineplan for neste veke:

Vi får totalt 144 doser av Comirnaty/Pfizer. 61 doser vil gå til 2. dose, og 83 vil gå til 1. dose. Vi vaksinerer no i aldersgruppa over 65 år. Personar født 1947/1948 blir kontakta. I tillegg vaksinerer vi nokre personar med underliggande sjukdom i andre aldersgrupper, samt ein liten del av dei som har samfunnskritiske jobbar.

Vaksineringa skjer på kulturhuset onsdagar, eventuelt torsdagar.

Er det nokon i aldersgruppa 75 år og eldre som ikkje har fått tilbod om vaksine, så meld frå til helsesenteret eller koronatelefonen.

Du blir oppringt før vaksinering

Alle som får tilbod om vaksine blir oppringt. Får du telefon frå helsesenteret eller telefonnummer 95 25 39 90 ber vi om at du svarer på anropet. Vi opplever at ein del ikkje svarer, og det medfører ein del ekstra arbeid for oss.

Treng du hjelp med utfylling av skjemaet, eller skyss til vaksinasjonsstaden, så meld frå om dette når vi ringer til deg.