Skjåk følgjer nasjonale føringar

Frå og med i dag, 23. april, legg Skjåk kommune seg på dei nasjonale føringane. 
Nyheiter

Skjåk kommune har oppdatert sine føringar under koronapandemien.

Det er fortsatt fornuftig å bruke munnbind, men det er ikkje lenger noko føringar frå Skjåk kommune om bruk av munnbind i butikkar, men Skjåk kommune oppmodar alle til å fortsette med å halde god avstand til kvarandre (minst 1 meter).

Kommuneoverlegen i Skjåk melder att det no er betre kontroll på smitteutbrotet i regionen og at smittesituasjonen i kommunen nå er under kontroll.

– Vi vurderer det derfor forsvarleg å oppheve dei lokale tiltaka som vart innført sist veke – som vart særleg retta mot ungdom, skriv kommunen på side heimeside.


Frå og med 23. april legg Skjåk kommune seg på dei nasjonale føringane.

Avstand

Vi oppmodar alle til å fortsette med å halde god avstand til kvarandre (minst 1 meter).

Munnbind

Det er fortsatt fornuftig å bruke munnbind, men det er ikkje lenger noko føringar frå Skjåk kommune om bruk av munnbind i butikkar. Butikkane kan fortsatt anbefale bruk av munnbind ut frå eiga vurdering.

Sosial kontakt (heime)

Du kan ha besøk av inntil fem personar.
Vi oppmodar til å avgrense sosial kontakt og til å møtas utandørs,

Arrangement

  • Arrangement som samlar personar frå fleire kommunar, bør utsetjast eller avlysast.
  • Det er tillate å samle inntil 10 personar på private samankomster utanom i eigen heim, som for eksempel ein bursdag i leigd lokale. Det er tillate med inntil 20 personar utandørs.
  • Når det gjelder russedåp fredag 23. april vert det vist til informasjon som vil bli publisert på heimesida til Lom kommune.
  • På offentlege arrangement kan ein samle inntil 10 personar innandørs utan faste tilviste sitteplassar. På arrangement innandørs der alle i publikum sit på faste tilviste plasser kan ein samle inntil 100 personar.

Svømmehall

  • For barn og unge under 20 år er svømmehallen open som normalt føresett at smitteverntiltak vert fylgd.
  • For grupper av vaksne er det tillate med inntil 15 personar.
  • Det same gjeld for babysvømming - der det er tillate med inntil 15 vaksne.

Idrettshall

  • Idrettshallen er igjen open for organisert aktivitet for dei under 20 år. Dvs. at barn og unge under 20 år igjen kan trene og delta på organiserte fritidsaktivitetar, både ute og inne.
  • Organisert idrett for barn og ungdom som samlar deltakare frå Lom og Skjåk er tillate.
  • Vaksne kan drive organisert aktivitet innandørs i grupper på inntil 10 personar, og utandørs i grupper på inntil 20 personar, så lenge dei kan halde minst éin meters avstand.

Friviljugsentral, kulturskule og treningssenter

Friviljugsentral, kulturskule og treningssenter er opne for aktivitet føresett at nasjonale anbefalingar vert fylgd.