Politiet ute med laser og kikkert

Fart, mobilbruk, brot på vikeplikt og køyring utan førarkort var fasit etter at politiet fredag hadde trafikkontroll både i Vågåmo og i Skjåk.

Kontroll: Politiet hadde fredag kontroll i Vågå og Skjåk. I Vågåmo hadde politiet stilt seg opp med kikkert for å sjekke bilbelte og mobilbruk.   Foto: Arve Danielsen

Nyheiter

I Vågåmo hadde politiet stilt seg opp ved Nuggebrua og sikta seg inn på trafikken som kom køyrande Vågåvegen inn mot sentrum.

Det vart ingen fartssyndarar, men ein sjåfør fekk gebyr for bruk av mobiltelefon og ein vart bøtelagt for brot på vikeplikta.

På riksveg 15 - i 60-sona ved Ånstad i Skjåk, vart ein sjåfør målt til 73 kilometer i timen.

Ein sjåfør vart meld for køyring utan førarkort.

Torsdag gjennomførte UP laserkontroll ved Strond på riksveg 15 vest for Vågåmo. Her vart det skrive ut to førelegg. Høgste fart var 95 kilometer i timen i 80-sona.