Lom legg seg på dei nasjonale føringane

Det er stadfesta fire smitta og seks i karantene i Lom. Nå legg Lom kommune seg på dei nasjonale føringane.
Nyheiter

Frå og med i dag, 23. april, legg Lom kommune seg på dei nasjonale føringane. Det opplyser kriseleiinga i kommunen.

Det betyr ei lette på mellom anna avstand, bruk av munnbind og arrangement.

Gjeldande reglar og tilrådingar i Lom kommune

  1. Minimum ein meter avstand
    Hald minimum ein meter avstand til andre. Det er og framleis fornuftig å bruke munnbind, men dette er ikkje lenger ei føring frå kommunen. Butikkar og andre verksemder bestemmer sjølve om dei ynskjer at munnbind skal bli brukt.
  2. Du kan ha besøk av inntil fem personar
    Du kan ha besøk av inntil fem personar, men hald deg gjerne til dei same nærkontaktene slik at totalt antal nærkontakter i løpet av ei veke ikkje blir så mange. Kriseleiinga oppmodar til at du i størst mogleg grad har dei sosiale møtepunkta utandørs.
  3. Ver ekstra varsam på symptom
    Har ein forkjølingssymptom er det særs viktig at ein held seg heime og testar seg så fort som råd. Dette gjeld både små og store.

    Koronatelefonen (481 65 519) er ope på kvardagar 09:00-15:00.

    Laurdag 24. april er det testing i Skjåk:
    Telefonnummer: 909 89 436.
    Telefontid: 10:00-11:30
    Testing frå 11:00-12:00

    Sundag 25. april blir det ikkje testing.
  4. Ekstra fokus på smittevern
    Kafear/restaurantar og andre publikumsstadar er oppmoda til å ha eit ekstra fokus på at smitteverntiltak blir overhalde (registrering av besøkande, avstand og handhygiene). Kriseleiinga viser til gjeldande bransjestandardar for den enkelte bedrift.
  5. Midtgard/Lom kommune
    Midtgard er stengt inntil vidare. Dette følgjer av nasjonal tilråding om at alle som kan skal ha heimekontor.

Sakshandsamarar er tilgjengelege på telefon og e-post.

Treng du eit møte med nokon i Lom kommune må du gjere avtale på førehand. Ta kontakt med sakshandsamar direkte eller ring servicetorget: 61 21 73 00

  1. Lom friviljugsentral
    Lom friviljugsentral held stengt førebels fram til 28. april.
    Dagleg leiar Ella Hoel er tilgjengeleg på e-post: ella.hoel@lom.kommune.no og telefon: 996 938 47
  2. Arrangement
    Kriseleiinga viser til dei nasjonale føringane for arrangement.
  3. Utgard fleirbrukshus
    1. Idrettshallen er ope for organisert aktivitet for dei under 20 år. Det vil seie at barn og unge under 20 år kan trene og delta på organiserte fritidsaktivitetar, både ute og inne.

2. Organisert idrett for barn og ungdom som samlar deltakarar frå Lom og Skjåk er tillate.

3. Vaksne kan drive organisert aktivitet innandørs i grupper på inntil 10 personar, og utandørs i grupper på inntil 20 personar, så lenge dei kan halde minst éin meters avstand.

    1. Styrke- og spinningrom er ope for uorganisert individuell trening (for dei som bur i Lom og som har abonnement). Sjå nettsida til Utgard for retningslinjer.

    2. Ungdomskveldar blir gjennomført.

    3. Opning av kino er under vurdering. Informasjon kjem i løpet av neste veke.
  1. Skule
    1. Barnehage og skule er på gult nivå.
    2. Lom og Skjåk kulturskule er ope.

Lom kommune viser elles til dei nasjonale tiltaka. Desse finn du på helsenorge.no.