Ytterlegare éin person smitta i Lom laurdag - tre skuleklasser i ventekarantene

Per laurdag ettermiddag er det totalt tre personar med koronasmitte i Lom kommune.

Smitte i Lom: Per laurdag ettermiddag er det i alt tre personar med påvist korona i Lom kommune. To av desse vart stadfesta laurdag, medan det fyrste vart stadfesta onsdag.  Foto: Illustrasjon

Nyheiter

Laurdag føremiddag kunne kriseleiinga i Lom kommune opplyse om eitt nytt smittetilfelle. Laurdag ettermiddag melder kriseleiinga at ytterlegare éin person er stadfesta smitta i kommunen.

Smitteveg er kjent og knytt til utbrotet i regionen.

Smittesporingsarbeidet er avslutta og kriseleiinga opplyser at per klokka 15.30 laurdag ettermiddag er 19 personar i kommunen i smittekarantene. I tillegg er 100 personar i ventekarantene, derav ei klasse ved Loar skule og to klasser ved Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule avdeling Lom.

Med Lom sitt fyrste smittetilfelle knytt til utbrotet i Nord-Gudbrandsdalen, er nå i alt tre personar stadfesta smitta i Lom kommune. Det fyrste tilfellet vart stadfesta onsdag 14 . april.


Passasjer på buss mellom Otta og Lom var smitta - ber alle passasjerane om å teste seg

Smittesporing har vist at éin av passasjerane på ein buss mellom Otta og Lom denne veka var smitta. Nå blir passasjerane på den aktuelle bussen bedne om å teste seg.