Passasjer på buss mellom Otta og Lom var smitta - ber alle passasjerane om å teste seg

Smittesporing har vist at éin av passasjerane på ein buss mellom Otta og Lom denne veka var smitta. Nå blir passasjerane på den aktuelle bussen bedne om å teste seg.

Buss: Passasjerane på ein buss mellom Otta og Lom denne veka er bedne om å teste seg etter at det er påvist at ein av passasjerane hadde korona.  Foto: Illustrasjon/Arkiv

Nyheiter

Det er kriseleiinga i Lom kommune som laurdag ettermiddag opplyser at smittesporing har vist at éin av passasjerane på bussen som gjekk frå Otta til Lom, med avgang klokka 15.00 tysdag 13. april, var smitta.

Alle passasjerane som tok denne bussen blir nå bedne om å teste seg.

– Og dei bør vera særleg merksam på eiga helse. Dei skal ha låg terskel for å teste seg ved luftvegssymptom, også milde, opplyser kriseleiinga i Lom kommune.


Koronatesting i Lom og Skjåk i helga

Kommunane Lom og Skjåk samarbeider i helga, slik at det er mogleg å få testa seg både laurdag og sundag.