Nytt smittetilfelle i Lom laurdag føremiddag

Kriseleiinga i Lom kommune melder om nytt smittetilfelle i Lom laurdag.
Nyheiter

Lom kommune har laurdag føremiddag fått stadfesta eitt nytt smittetilfelle, med kjent smitteveg.

Det opplyser kriseleiinga i kommunen. Smittesporingsarbeidet pågår. I Lom er det nå to personar med påvist korona.

– Førebels er det ni nye nærkontaktar, og ei klasse ved Loar skule er sett i ventekarantene. Vi kjem attende med totalstatus seinare i dag når smittesporingsarbeidet er ferdig, opplyser kriseleiinga i Lom kommune, og legg til at det er viktig at du tek telefonen om du blir oppringt av eit ukjent nummer. Dette kan verea smittesporingsteamet.

Oppdatering frå kriseleiinga klokka 12.09:
«Smittesporing har vist at éin av passasjerane på bussen som gjekk frå Otta til Lom med avgang kl 15.00 den 13.04.21, var smitta. Ein ber om at passasjerar som tok denne bussen testar seg, og dei bør vera særleg merksam på eiga helse. Dei skal ha låg terskel for å teste seg ved luftvegssymptom, også milde».


Koronatesting i Lom og Skjåk i helga

Kommunane Lom og Skjåk samarbeider i helga, slik at det er mogleg å få testa seg både laurdag og sundag.