Nytt smittetilfelle i Vågå fredag - totalt to personar med påvist smitte i kommunen

Vågå kommune har fått svar på koronatestar som vart tekne torsdag, og stadfestar ny smitte i kommunen.

Korona: Vågå kommune melder om nytt smittetilfelle fredag ettermiddag.  Foto: Illustrasjon/Simen Rudiløkken

Nyheiter

– Av dei 35 prøvene som vart teke i går, er det 30 negative, 1 positiv og 4 vi ventar svar på. Det blir jobba med smittesporing, meldar Vågå kommune ved 16-tida fredag ettermiddag.

Totalt har kommunen nå to personar med påvist smitte.

I dag, fredag, er det teke 21 nye testar i kommunen.

Dei som var med skulebussen til og frå Skogbygda måndag 12. april, er ute av ventekarantene. I tillegg er 4. klasse også ute av ventekarantene.

9. klasse er framleis i ventekarantene, inntil kommunen får svar på nokre fleire testar.

Koronatelefonen i Vågå (95 25 39 90) vil vera open i helga, i perioden 10.00-14.00 både laurdag og sundag.