Lom kommune: Fortsatt to meters avstand og munnbindbruk

Med bakgrunn i koronautbrotet i Nord-Gudbrandsdalen, har kriseleiinga i Lom kommune kome med oppdaterte reglar og tilrådingar.

Lokale tiltak: Kriseleiinga i Lom kommune har kome med oppdaterte reglar og tilrådingar.  Foto: Vigdis Kroken/Arkiv

Nyheiter

Sjølv om Noreg nå byrjar å opne oppatt, opplyser kriseleiinga i Lom kommune at dei med bakgrunn i det pågåande smitteutbrotet i regionen vil halde litt attende.

Kriseleiinga kjem med fylgjande oppdaterte gjeldande reglar og tilrådingar for Lom kommune, som vil bli vurdert att tysdag 20. april:

1. To meter avstand og munnbind
Hald to meter avstand, og bruk munnbind dersom du ikkje kan halde to meter avstand. På butikkane er du oppmoda til å bruke munnbind sjølv om du kan halde avstand.

2. Ha færrast mogleg nærkontaktar
Nasjonalt er det opna for at ein kan ha besøk av inntil fem personar, men fram til ny vurdering 20. april så oppmodar Lom kommune dykk til å ha så få nærkontaktar som mogleg. Ungdomar i Nord-Gudbrandsdalen er oppmoda til å ikkje møtast på tvers av kommunegrenser, og unngå å møtast på fritida.

3. Ver ekstra varsam på symptom
Har ein forkjølingssymptom er det særs viktig at ein held seg heime og testar seg så fort som råd. Dette gjeld både små og store.

Koronatelefonen (481 65 519) er ope på kvardagar 09:00-15:00.

4. Ekstra fokus på smittevern
Kafear/restaurantar og andre publikumsstadar er oppmoda til å ha eit ekstra fokus på at smitteverntiltak blir overhalde (registrering av besøkande, avstand, munnbind og handhygiene).

5. Midtgard/Lom kommune
Midtgard er stengt inntil vidare.
Treng du eit møte med nokon i Lom kommune må du gjere avtale på førehand. Ta kontakt med sakshandsamar direkte eller ring servicetorget: 61 21 73 00.

6. Lom friviljugsentral
Lom friviljugsentral held stengt førebels fram til 28. april.
Dagleg leiar Ella Hoel er tilgjengeleg på e-post: ella.hoel@lom.kommune.no og telefon: 996 938 47

7. Arrangement:
Arrangement bør utsettast eller avlysast.

8. Utgard fleirbrukshus
- Idrettshallen i Utgard er ope for organisert aktivitet for dei på barnetrinnet.
- Styrke- og spinningrom er ope for uorganisert individuell trening (for dei som bur i Lom og som har abonnement). Sjå nettsida til Utgard for retningsliner.
- Spinningrom er stengt for organisert spinning.
- Ungdomskveldar er sett på pause.
- Det vil inntil vidare ikkje vere kino eller andre kulturarrangement i Utgard.

9. Skule
Barnehage og skule er på gult nivå.
Lom og Skjåk kulturskule er ope for barnetrinnet.

Lom kommune viser elles til dei nasjonale tiltaka.


Nå startar gjenopninga: Frå fredag reverserast dei strenge tiltaka som vart innført før påske

Regjeringa startar gjenopninga av store delar av Noreg fredag denne veka.