Koronatesting i Lom og Skjåk i helga

Kommunane Lom og Skjåk samarbeider i helga, slik at det er mogleg å få testa seg både laurdag og sundag.

Testing: Det blir koronatesting i Lom og Skjåk i helga.  Foto: Illustrasjon/Simen Rudiløkken

Nyheiter

Laurdag blir det mogleg å teste seg på Lom legesenter, og sundag på Skjåk legesenter. Det melder kommunane fredag. Båe dagane gjeld testinga for alle som bur i Lom og Skjåk.

Har ein symptom er telefonen i Lom (481 65 519) open 10.00-12.30 laurdag, og telefonen i Skjåk (909 89 436) 10.00-12.30 sundag.

Testinga skjer i tidsrommet 12.30-14.00 båe dagane.

– Det er heilt avgjerande at vi testar oss for at vi skal kunne ha kontroll på koronasituasjonen. Mange har nesten ikkje symptom, og det er lett å tenkje at ein berre er litt forkjøla. Er du i tvil om du skal teste deg eller ikkje, så ring så tek dei avgjerda, opplyser Skjåk kommune.