Betydeleg skredfare: – Det er all grunn til å vera obs om du skal på tur denne helga

Vêrmeldinga for komande helg lovar fint vêr, og alt ligg til rette for fine toppturar, men det er varsla betydeleg snøskredfare i fleire regionar i landet, deriblant Jotunheimen. Vêr tidleg ute eller legg spora dine i mindre bratt terreng for å unngå skred, er oppmodinga frå NVE.

Grunn til å ta snøskredvarsel på alvor: Natt til fredag eller fredag morgon gjekk det eit snøskred ved Geitsætra i Leirdalen. Det er nå betydeleg skredfare i Jotunheimen.  Foto: Arne Vetllín Lillelien

Nyheiter

På grunn av solskin og temperaturstigning er det venta betydeleg skredfare i store delar av landet fyrstkomande helg.

– I helga vil det vera viktig å vera tidleg ute slik at du rekk å setja spora dine i snøen før sola er på sitt mest intense og dagen er på sitt varmaste. Sannsynet for naturleg utløyste skred aukar utover dagen, seier vaktleiar i Snøskredvarslingen i NVE, Odd-Arne Mikkelsen.

Det er varsla faregrad 3 i Jotunheimen i helga, som er oransje nivå og betydeleg fare. Fylgjande varsel gjeld for faregrad 3: «Sol og plussgrader kan gjeva naturleg utløyste skred. Det blir lettare å påverke djupe svake lag. Skred kan bli store. Hald avstand til bratt terreng og utløpssoner».

I Jotunheimen, på delar av Vestlandet, Nordvestlandet og i Nord-Noreg er det vedvarande svake lag i snødekket, noko som gjer det utfordrande å vurdere skredfaren på tur, i fylgje NVE. Dersom sola og temperaturstigninga trengjer ned til desse laga, kan det losne svært store skred.

– Skal du til fjells i ein region der det er vedvarande svake lag i snødekket vil det vera ekstra viktig å planleggje turen godt. Start tidleg så du kjem varmen i forkjøpet. Tenk også på kva slags terreng du har over deg når du er på veg heim frå tur. Sjølv om du har kome deg trygt ned ei bratt fjellside i tide, går kanskje utmarsjen i utløpsområde for eit naturleg utløyst skred. Det er all grunn til å vera obs om du skal på tur denne helga, seier Mikkelsen i Snøskredvarslingen.

Ver også obs på skavlbrot. Varmen kan svekke skavlane. Hald avstand.

Snøskredvarsla på varsom.no blir oppdatert klokka 16 kvar dag, og NVE oppmodar alle som skal på tur om å fylgje med der.