Nils Olav Fosstuen har tru på at distriktslandbruket kan «redde» bygdene våre:

– Sats på landbruket!

– Det finst ikkje tvil. Vi kan drøyme om å få store, statlege arbeidsplassar, men det er bortkasta tid. Vi må fokusere på landbruket.

Da vil det vera håp: – Dersom vi får landbruket vårt opp og gå, så får vi levande bygder. Da kjem turistane - og røyrleggjaren, snikkaren og svært mange andre får arbeid, seier Nils Olav Fosstuen, dagleg leiar i Ottadalen Mølle SA.  Foto: Vigdis Kroken

Nyheiter

Det sa Nils Olav Fosstuen, dagleg leiar i Ottadalen Mølle SA, da han førre veke fekk høve til å seia det han hadde på hjartet til dei fire toppkandidatane på Sp si stortingsvalliste. Det var Lom Sp og Skjåk Sp som arrangerte det digitale møtet – og Marit K. Strand, Bengt Fasteraune, Kjersti Bjørnstad og Torleik Svelle fekk servert klåre meiningsytringar.