Smitten aukar i Sel

Torsdag morgon vart det stadfesta fleire nye smittetilfelle i Sel kommune.
Nyheiter

– Det har i dag tidleg vorte stadfesta ytterlegare fem personar med koronasmitte i Sel, opplyser Sel kommune torsdag føremiddag.

Totalt er det nå 18 smitta personar i kommunen, som er sett i isolasjon. Sel kommune opplyser at det nå er 130 personar i smittekarantene.

Kommunen oppmodar alle innbyggjarar om å teste seg ved mistanke om smitte.