Skjåk vidarefører lokale tiltak: To meters avstand og tilråding om munnbind

Fredag startar fyrste steg av gjenopninga av Noreg. Skjåk kommune legg seg på dei nasjonale føringane, men vidarefører «tometeren» og tilrådinga om å bruke munnbind i alle butikkar i kommunen, og elles der ein ikkje kan halde to meters avstand.

Vidarefører tiltak: Med bakgrunn i smitteutbrotet i regionen, har Skjåk kommune valt å vidareføre lokale tiltak, som tilrådinga om å bruke munnbind i alle butikkar i Skjåk, og elles der ein ikkje kan halde avstand   Foto: Tom Erik Solstad/Illustrasjon

Nyheiter

Torsdag kveld opplyser Skjåk kommune at dei vil vidareføre fylgjande lokale tiltak fram til og med torsdag 22. april:

  • Tometers-regelen gjeld i heile Skjåk
  • Det er tilrådd å bruke munnbind der du ikkje kan halde to meter avstand. Det er framleis tilrådd å bruke munnbind på/i alle butikkar i Skjåk
  • Det er med bakgrunn i det pågåande smitteutbrotet i regionen at Skjåk kommune har valt å vidareføre desse lokale tiltaka. Det vil bli teke ei ny vurdering kring smittesituasjonen og tiltaka i kommunen 22. april.

    Sett bort frå desse to lokale tiltaka som blir vidareført, har Skjåk kommune valt å leggje seg på dei nasjonale føringane.

    Skjåk kommune kan elles melde at friviljugsentralen, kulturskulen og treningssenteret nå er ope for alle, bortsett frå ungdomssteget. For barn i barneskulealder og nedover er både idrettshallen og symjehallen i Skjåkhallen open.

    – Det blir føresett at brukarane rettar seg etter gjeldande nasjonale føringar. Vaksne kan drive organisert aktivitet innandørs i grupper inntil ti personar, så lenge det blir halde minimum ein meters avstand, opplyser Skjåk kommune, og legg til:

    – Det er eit pågåande smitteutbrot i ungdomsmiljøet i Nord-Gudbrandsdalen. Ungdomen har mykje kontakt over kommunegrensene, som fører til smittespreiing i heile distriktet. For å stoppe vidare smittespreiing oppmodar Skjåk kommune ungdomen til ikkje å møtast på fritida eller i organiserte fritidsaktivitetar i ein periode fram til 22.april. Oppmodinga omfattar ungdom i ungdomsskulealder og dei som går på vidaregåande skule. Barn i barneskulealder og nedover kan trene og delta på fritidsaktivitetar som vanleg.


    Nå startar gjenopninga: Frå fredag reverserast dei strenge tiltaka som vart innført før påske

    Regjeringa startar gjenopninga av store delar av Noreg fredag denne veka.