Redningsoperasjon etter melding om snøskred - søk avslutta

Torsdag kveld vart det sett i gang ein redningsoperasjon i samband med eit snøskred.
Nyheiter

I fylgje Innlandet politidistrikt har det gått eit snøskred på Hurrbrean i Bøverdalen i Lom.

På bakgrunn av dette vart det sett i gang ein redningsoperasjon torsdag kveld ved 19-tida.

Operasjonssentralen i Innlandet politidistrikt opplyser at politi, skredgruppe, redningsmannskap, helikopter og lavinehundar er med på operasjonen torsdag kveld.

Klokka 20.40 fortel operasjonsleiar Arne Norevik til Fjuken at det per nå ikkje er indikasjon på at det er folk som er tekne av snøskredet.

– Vi er godt i gang med overflatesøk. Luftambulansen på Dombås var fyrst på plass på staden, og har floge over skredet fleire gongar, og frå lufta er det ingen ting som tydar på at det er folk i skredet. Men det er litt storleik på skredet som har gått, så vi vil difor søkje gjennom heile skredet frå bakken, fortel operasjonsleiaren til Fjuken.

Norevik opplyser at det er fleire hundar på veg inn til området for å søkje. To politihelikopter er også med på operasjonen i Bøverdalen, i tillegg til redningshelikopter.

Operasjonsleiaren i Innlandet politidistrikt kan ikkje seie noko om kor stort skredet som har gått på Hurrbrean er.

– Vi har ikkje fått noko meterverdi på skredet, men har fått opplyst via skredgruppa at det er litt storleik på det. Det er difor vi er opptekne av å få søkt grundig gjennom heile skredet frå bakken, seier Norevik.

Staden der skredet har gått er eit svært populært turområde.

Ved 23-tida torsdag kveld får Fjuken opplyst frå operasjonssentralen i Innlandet politidistrikt at aksjonen er avslutta.

– Det har ikkje vorte observert nokon i skredet under aksjonen, og det er difor lite sannsynleg at nokon er teke. Det vart difor bestemt å avslutte søket og aksjonen, seier operasjonsleiaren.

Han tykkjer det er bra at folk melder i frå og tek slike snøskred på alvor.

– Det er bra at folk varslar oss. Det vart brukt store ressursar på dette oppdraget, men når vi får ei slik melding må vi velje å anten bruke alt eller ingenting. Her valte vi å ta høgde for at det kunne vera personar i skredet, og da vart det sett inn alt av ressursar, seier operasjonsleiaren i Innlandet politidistrikt.