Nytt smittetilfelle i Skjåk torsdag kveld

Klokka 18 torsdag kveld fekk Skjåk kommune meldt inn eitt nytt smittetilfelle.
Nyheiter

Med smittetilfellet som vart påvist onsdag, har Skjåk kommune nå to personar med påvist korona.

Den nye smitta er definert som nærkontakt til tidlegare meldt smittetilfelle, og er allereie i karantene. Det er kjent smitteveg i samband med Nord-Gudbrandsdal vidaragåande skule, avdeling Otta, opplyser Skjåk kommune torsdag kveld.

Det nye smittetilfellet vart meldt inn til kommunen klokka 18 torsdag.

I fylgje Skjåk kommune er nå 13 personar i nærkontaktkarantene, og 4 personar i ventekarantene.