Nå er det bålforbod i skog og utmark i heile landet

Frå 15. april til 15. september er det generelt forbod mot open eld i skog og utmark.

Bålforbod: Frå 15. april til 15. september er det generelt bålforbod i heile Noreg.  Foto: Tom Erik Solstad/Illustrasjon

Nyheiter

I denne perioden er det ikkje lovleg å tenne bål, eingongsgrillar, bålpanner og open eld i skog og utmark, utan løyve frå kommunen.

– Der det openbart ikkje medfører ein brannrisiko er det likevel lovleg å gjera opp eld. Med dette meinast for eksempel der det framleis ligg snø på bakken, eller at det har vore mykje nedbør over lang tid. Om ein er usikker bør ein ta kontakt med lokalt brannvesen, seier administrerande direktør Rolf Søtorp i Norsk brannvernforening.

Det generelle bålforbodet gjeld over heile landet i perioden 15. april til 15. september.Klimaendringar har medført at skogbrannsesongen kan strekkje seg langt utover perioden for det generelle bålforbodet. Difor kan alle kommunane i landet innføre bålforbod når som helst i løpet av året, dersom brannfaren er spesielt stor.

Mange kommunar tilrettelegg for bålbrenning ved å etablere godkjente bålplassar. Desse er det normalt lovleg å bruke heile året.