UP gav førelegg for høg fart og ulovleg mobilbruk

Utrykkingspolitiet (UP) har gjennomført trafikkontroll på riksveg 15 i Vågå.

Politi: Utrykkingspolitiet skreiv ut forenkla førelegg for fart og mobilbruk i Vågå onsdag.  Foto: Tom Erik Solstad/Illustrasjon

Nyheiter

Det var onsdag ettermiddag at den lokale UP-patruljen gjennomførte kontroll på riksveg 15, aust for Vågå sentrum.

– Det vart to forenkla førelegg for fart. Høgaste fart var 96 km/t i 80-sone, melder Jonny Gundersen i UP.

Denne føraren må, i fylgje Lovdata, ut med 9.050 kroner til statskassa, og får i tillegg to prikkar i førarkortet.

– I tillegg var det éin sjåfør som ikkje greidde å la vera å prate i mobiltelefonen medan vedkomande køyrde, opplyser Gundersen.

Denne føraren vart straffa med eit forenkla førelegg på 5.000 kroner, og tre prikkar i førarkortet.


Alle satsar aukar frå nyttår: 5.000 kroner i førelegg for mobilbruk

Førelegget for ulovleg bruk av mobiltelefon eller anna elektronisk utstyr medan ein køyrer bil, blir nesten tredobla frå 1. januar 2021. Satsane for alle forenkla førelegg aukar frå nyttår.