Stadfesta smitte i Vågå - skuleklasser i ventekarantene

Vågå kommune opplyser onsdag kveld at det er påvist eitt smittetilfelle i kommunen. Smittesporingsgruppa har sett i gang arbeid med å kartleggje kven som var med på skulebussen til og frå Skogbygda måndag.

Smittetilfelle: Éin person er onsdag kveld stadfesta smitta av koronaviruset i Vågå kommune.  Foto: Arve Danielsen/Arkiv/Illustrasjon

Nyheiter

Vågå har eitt smittetilfelle og om lag 30 personar i smittekarantene. Det opplyser kommunen onsdag kveld, og legg til at 35 personar er testa for koronaviruset i dag.

I fylgje Vågå kommune er det skuleelevar blant nærkontaktane, og både 4. og 9. trinn er i ventekarantene.

Kommunen opplyser at smittesporingsgruppa nå har sett i gang arbeid med å kartleggje kven som var med på skulebussen til og frå Skogbygda måndag 12. april.

– Passasjerane i denne bussen er rekna som nærkontakt til nærkontakt, og skal i ventekarantene, opplyser Vågå kommune.

Kommunen ber samstundes om at all organisert aktivitet og trening blir avlyst fram til neste veke.


Smittetilfelle i Skjåk

Skjåk kommune opplyser onsdag ettermiddag at det er stadfesta smitte i kommunen.