Smittetilfelle i Skjåk

Skjåk kommune opplyser onsdag ettermiddag at det er stadfesta smitte i kommunen.

Smitte: Skjåk har fått eitt stadfesta smittetilfelle av koronaviruset onsdag ettermiddag.  Foto: Arve Danielsen/Illustrasjon

Nyheiter

Det er stadfesta eitt smittetilfelle i Skjåk onsdag ettermiddag, melder Skjåk kommune.

– Kjent smitteveg i samband med Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule avdeling Otta, opplyser kommunen, og legg til at det også er to nye nærkontaktar i Skjåk.

I fylgje kommunen er nå ti personar i Skjåk i såkalla nærkontaktkarantene. Ingen personar er i ventekarantene.

Tidlegare onsdag vart det kjent at det også i Lom er eitt stadfesta smittetilfelle av koronaviruset.

Vågå kommune har per onsdag ettermiddag ingen stadfesta smittetilfelle, men opplyser at endringar kan skje fort, grunna utbrotet i Nord-Gudbrandsdalen. I Sel kommune er i alt 13 personar stadfesta smitta.

Onsdag ettermiddag skal kommunane i Nord-Gudbrandsdal i møte med Statsforvaltaren for å vurdere situasjonen og samordne tiltak.