Smittetilfelle i Lom

Lom kommune har fått stadfesta eitt smittetilfelle onsdag.
Nyheiter

Det opplyser Lom kommune onsdag ettermiddag.

Smittesporingsarbeidet pågår, melder kommunen, som opplyser at smittetilfellet vart påvist ved hurtigtest.

Lom kommune vil koma med meir informasjon fortløpande.

– Dersom du blir oppringt av eit ukjent nummer er det viktig at du tek telefonen. Dette kan vera smittesporingsteamet, opplyser Lom kommune.

Om du har symptom, hald deg heime og ring koronatelefonen for å få testa deg: 48165519.