Skuleklasse og barnehageavdeling i ventekarantene i Lom

Det er per onsdag kveld framleis eitt stadfesta smittetilfelle i Lom kommune. Det er kjend smitteveg, og personen sat allereie i karantene. Som følgje av smittesituasjonen i regionen er 13 personar nå i smittekarantene og cirka 60 i ventekarantene i Lom. Blant dei i ventekarantene er ei skuleklasse og ei barnehageavdeling.

Lom: Som følgje av smittesituasjonen i regionen er 13 personar nå i smittekarantene og cirka 60 i ventekarantene i Lom. Blant dei i ventekarantene er ei skuleklasse og ei barnehageavdeling. Lom kommune har per onsdag kveld framleis eitt stadfesta smittetilfelle, i fylgje kriseleiinga.  Foto: Arve Danielsen/Illustrasjon

Nyheiter

Det opplyser kriseleiinga i Lom kommune onsdag kveld.

Éin person er altså stadfesta smitta i Lom. Som følgje av smittesituasjonen i regionen er 13 personar i smittekarantene, og cirka 60 i ventekarantene i kommunen.

– Av dei som sit i ventekarantene er det mellom anna ei skuleklasse ved Lom ungdomsskule og ei avdeling ved Loar barnehage. Slik situasjonen er, så er det sett inn forsterka tiltak for å stoppe smittespreiinga. Ventekarantene er eitt hakk lenger ut enn smittekarantene. Det betyr at dei som sit i ventekarantene ikkje er nærkontaktar til ein smitta person, men nærkontakt av ein nærkontakt. Sit ein i ventekarantene blir denne oppheva dersom nærkontakt testar negativt på koronaviruset. Det betyr at skule/barnehage for dei andre elevane/ungane vil gå som normalt, opplyser kriseleiinga i Lom kommune.

Foreldre og føresette er informert direkte.

Kriseleiinga opplyser at tiltak nå er sett i verk, samordna med dei andre kommunane i Nord-Gudbrandsdalen, i tillegg til Nord-Fron, samt Statsforvaltaren og fylkeslege.

– Det er eit godt samarbeid og du kan vera trygg på at vi gjer det vi kan for å stoppe vidare spreiing av viruset, opplyser kriseleiinga.

Det du, i fylgje kriseleiinga, nå er sterkt oppmoda til å gjera, er:

1) Hald to meter avstand, og bruk munnbind dersom du ikkje kan halde to meter avstand. På butikkane er du oppmoda til å bruke munnbind sjølv om du kan halde avstand.

2) Ha færrast mogleg nærkontaktar.
Ungdomar i Nord-Gudbrandsdalen er oppmoda til å ikkje møtast på tvers av kommunegrensar, og unngå å møtast på fritida.

3) Ver ekstra varsam på symptom. Har ein forkjølingssymptom er det særs viktig at ein held seg heime og testar seg så fort som råd. Dette gjeld både små og store.

Koronatelefonen (481 65 519) er ope på kvardagar 09:00-15:00.

4) Kafear/restaurantar og andre publikumsstadar er oppmoda til å ha eit ekstra fokus på at smitteverntiltak blir overhalde (registrering av besøkande, avstand, munnbind og handhygiene).

Kriseleiinga opplyser at det vil koma attende med meir informasjon fortløpande.