Set opp lager- og ekspedisjonshall til 27,5 millionar: – Vi byggjer for framtida

– Eg har ikkje brukt desse orda før, men nå gjer eg det: Interfil er eit eventyr.

Nytt bygg: Dagleg leiar på Interfil AS, Arild Garcia de Presno, og Interfil-gründer og dagleg leiar i Skjåk Industriutleiebygg AS, Harald Garcia de Presno, framfor den nye lager- og ekspedisjonshallen som kjem opp hjå filterbedrifta i Bismo. Investeringa er på 27,5 millionar kroner.  Foto: Tom Erik Solstad

Nyheiter

Det seier Interfil-gründer Harald Garcia de Presno i Skjåk. Han er dagleg leiar i Skjåk Industriutleiebygg AS, som nå byggjer ein splitter ny lager- og ekspedisjonshall inntil eksisterande bygg på Interfil i Bismo.