Oppjustering til raudt nivå på den vidaregåande skulen på Otta

På grunn av den uoversiktlege smittesituasjonen er Sel kommune nå definert til risikonivå 4. Dette får konsekvensar for den vidaregåande skulen på Otta, som nå skal drive på raudt nivå.
Nyheiter

Det opplyser Sel kommune seint tysdag ettermiddag.

Koronautbrotet rett før helga i kommunane Dovre og Sel råkar mange ungdomar. Det er stadfesta at smitten skuldast den britiske mutasjonen av koronaviruset. Det er vist at den er meir smittsam, og at ein risikerer å bli smitta også ved kortvarig kontakt.

– Vi ser at smitten har spreidd seg blant ungdomar som har samla seg på fritida. Kommunen ber alle ungdomar som er pålagt karantene om å overhalde karantenereglane. Dei som ikkje er i karantene må overhalde tilrådingane om å unngå sosial kontakt på fritida, opplyser Sel kommune.

På grunn av den uoversiktlege smittesituasjonen er Sel kommune nå definert til risikonivå 4.

Det får konsekvensar for Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule, avdeling Otta, som nå skal drive på raudt nivå. Det vil bli heildigital undervisning - i fyrste omgang ut denne veka - for alle klassar, melder skulen.

Klokka 14 tysdag ettermiddag kunne Sel kommune opplyse at det i løpet av dagen er stadfesta fire nye personar med koronasmitte i Sel, og at smittetalet er i alt ti personear. 80 personear sit i karantene i kommunen.

Koronautbrotet råkar heile Nord-Gudbrandsdalen. Sel kommune opplyser at det aktuelle utbrotet stadfestar at det er så mykje kontakt mellom innbyggjarane i dei seks kommunane i Nord-Gudbrandsdalen, at smittesituasjonen råkar alle. Kommuneoverlegane i dei seks kommunane jobbar tett saman for å koordinere og dele erfaringar. Kommuneoverlegen i Nord-Fron har også delteke, da Nord-Fron er råka i same smittekjede.

I fleire av kommunane i Nord-Gudbrandsdalen er det nærkontaktar i karantene, og personar i ventekarantene.

Tysdag kveld opplyser krisestaben i Dovre kommune at smittevernlegen, med heimel i smittevernlova, har fatta hastevedtak om stenging av Dovre skole med SFO, Dombås barnehage, Dovre barnehage og Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule avdeling Dombås. Stenginga gjeld i perioden 14.-23. april. Frå før er Dovre ungdomsskole og Dombås skole stengd, og også desse skulane vil vera stengd til ut neste veke, i fylgje krisestaben i Dovre kommune.