Får selje eigedom utan krav om fast busetjing

Det er 30 år sidan det har bydd nokon på eigedommen Karusbakken i Øygardom. Nå gjev Vågå kommune løyve til at eigedommen kan bli seld utan at det blir kravd fast busetjing.

Karusbakken: Det er 30 år sidan nokon budde på eigedommen.   Foto: Arve Danielsen

Nyheiter

Bjørn Kåre Karusbakken søkte på vegne av arvingane etter Olga Karusbakken om løyve til å kunne selje eigedommen utan krav om at kjøpar må busetje seg på eigedommen innan eit år etter overdraging.