Line har sunge inn duett med dansebandet Picazzo: – Håpar låten fell i smak

Line Kjørren har sunge inn duett med dansebandet Picazzo på dialekt. Singelen med låten «Livet må gå vidare» blir sleppt fredag 16. april.

Duett: Line Kjørren har sunge og spela inn duett med dansebandet Picazzo. – Eg er heldig som vart spurt, seier Line. Ho håpar låten «Livet må gå vidare» og som handlar om trist kjærleik, fell i smak hjå folk. Det er country som er den sjangeren som ligg hjarta nærast. – Det er artig å syngje på norsk og, seier Line Kjørren.  Foto: Arve Danielsen

Nyheiter

20-åringen frå Lom var ikkje sein om å takke ja da vokalist Kim Lien i Picazzo tok kontakt med Line om ho ville bli med på ein duett med dansebandet.