Ingen smitta i Skjåk - fleire i karantene og ventekarantene

Ingen med påvist smitte i Skjåk, men det er fire personar i nærkontaktkarantene og 14 i ventekarantene som følgje av utbrotet på Dovre.
Nyheiter

Det er påvist smitte i Dovre og Sel kommune.

Skjåk kommune følgjer tett med på situasjonen.

Kommunen skriv på si heimeside at det i Skjåk førebels er ingen med påvist smitte, men det er 4 personar i nærkontaktkarantene og 14 ventekarantene som følgje av utbrotet på Dovre.

Det er opna for å kunne teste seg denne i helga.

Sundag skjer testing på Lom legesenter.

Ein kan ringe 481 65 519 mellom 09.00 – 10.00.

Testing er mellom 10.00 – 11.00.

– Det er heilt avgjerande at vi testar oss for at vi skal kunne ha kontroll på koronasituasjonen. Mange har nesten ikkje symptom, og det er lett å tenkje at ein berre er litt forkjøla. Er du i tvil om du skal teste deg eller ikkje, så ring så tek dei avgjerda, skriv kommunen.