Gaute gjev bestefarsarven på fire hjul nytt liv

Etter mange timar med skruing og lakking er Gaute Skogen (25) frå Vågå snart klar for å delta i Traktorrock med bestefar Kåre sin gamle Ferguson 35.

Klar for traktorrock: Gaute Skogen gler seg til å få ferdigstilt renoveringsprosjektet sitt av Ferguson 35, og delta i Traktorrock med den. Men fyrst meiner han bestefaren, som gav han traktoren, må få prøvekøyre.  Foto: Kari Margot Odnes

Bestefar tykkjer traktoren byrjar å bli bra.

Nyheiter

Gaute Skogen var berre seks-sju år da han for fyrste gong fekk køyre traktoren til bestefar Kåre Skogen på jordet på garden. Ein Ferguson 35 «Gullfisk» av årgang 1957. Nå har han fått traktoren av bestefar sin, og har kosta på den ei renovering til ein prislapp på om lag 60.000 kroner.